I dette innlegget skal eg fortelje om kva eg trur på når det gjeldt IKT sin plass i mi yrkesutøving. Det er to hovudårsakar til at eg har valt å fordjupe meg i IKT. Den fyrste årsaka handlar om eit ynskje om å utvikle mine eigne digitale ferdigheiter slik at eg kan bruke sentrale IKT verktøy i mitt eige arbeid som lærar på ein betre og enklare måte. Dette kan handle om alt frå å lage oversiktlege vekeplanar til å kunne lage gode undervisningsopplegg som kan brukast på interaktive tavler. Den andre årsaka til at eg er motivert for å fordjupe meg i IKT handlar om at digitale ferdigheiter er blitt ein grunnleggjande ferdigheit som alle elevar skal møte i alle fag (jf LK06). Det tyder at det er viktig for meg som lærar å ha kompetanse innan IKT - og også innan pedagogisk bruk av IKT. Dette håper eg å lære i faget "IKT i pedagogisk virksomhet".
Å bruke IKT i undervisninga kan vere motiverande for lærar og elevar. Det kan gi nye innfallsvinklar, stimulere ulike sansar og bidra til variasjon i undervisninga. Digitale verktøy legg til rette for elevaktivitet, og elevane kan oppnå eit stort læringsutbytte ved riktig bruk av IKT i skulen. Eg meiner at det er viktig at elevane får vere aktive i undervisninga, også i møte med digitale verktøy. Dersom læraren er trygg på sine eigne digitale ferdigheiter kan det vere lettare å sleppe elevane til med blant anna interaktive tavler, informasjonssøk og blogging. Det er viktig som lærar å vite kva moglegheiter og kva avgrensingar som ligg i kvart verktøy, og kva utfordringar elevane kan få i møte med desse. Å lære elevane nettvett er ein del av dette, og ei viktig oppgåve for alle lærarar.
Fordelane med å bruke IKT i skulen er mange. Det legger til rette for variasjon i undervisninga, og kan skape motivasjon. IKT kan bidra til læring, både av fagstoff og av digitale ferdigheiter. At elevane får møte IKT på ulike måtar i skulen vil auke elevane sin kompetanse til å kunne bruke digitale verktøy. Denne ferdigheita er svært viktig då IKT er ein del av dei fleste elevar sin kvardag allereie, og også vil vere det i framtida.
Ei ulempe med å bruke IKT i skulen kan vere at det kan vere vanskelegare for læraren å ha kontroll. Dersom elevane skal søkje på internett vil ikkje læraren på same måte kunne kontrollere informasjonen dei møter, slik som han kan om han ber elevane lese to sider i boka. Det kan også vere vanskeleg å kontrollere at 30 elevar søkjer på det dei skal, og ikkje oppdaterer facebook. Difor er det viktig at læraren tilretteleggjer og lærar elevane gode teknikkar innan informasjonssøk og nettvett, slik at ein sikrar seg at fokuset blir på læring.
IKT kan utfordre lærarrollen. Ein av grunnane til det er at IKT er eit område som er i stadig endring, og som krevjar at læraren heldt seg oppdatert. Ein annan grunn til at IKT kan utfordre lærarrollen er at nokre elevar kan vite meir om nokre digitale verktøy enn læraren. Difor er det viktig at læraren forsøker å vere oppdatert på ulike program slik at han kan tilpasse opplæringa til den enkelte elev. Elevar som har mykje kunnskap om enkelte dataprogram kan også brukast som ressurspersonar i undervisninga. Dette kan gi eleven ei god mestringskjensle, samtidig som læringsutbyttet til medelevane kan bli større, ved at ting blir forklart både av læraren og av ein medelev.
Avslutningsvis vil eg oppsummere innlegget ved å sei at eg meiner at fordelane ved å bruke IKT aktivt som lærar er mange, og mykje viktigare enn utfordringane IKT kan by på. Digitale ferdigheiter er viktige både i mitt eige arbeid i skulen, og dei er viktig når eg skal gi opplæring til elevane slik at dei også oppnår gode digitale ferdigheiter. Gjennom faget "IKT i pedagogisk virksomhet" håper eg å oppnå slike digitale ferdigheiter, slik at eg kan bruke dei på best mogleg måte i mi yrkesutøving.