Excelundervisning


Fire dugleikar eg vil vektlegge i mi excelundervisning


Den første dugleiken eg vil vektlegge i mi excelundervisning er autosummer. På denne måten kan ein bruke excel som ein kalkulator, samt at ein lett kan gjere endringar i ei celle slik at summen automatisk blir oppdatert. Den andre dugleiken eg vil vektlegge er oppretting av tabell. Slik kan elevane lage oversiktlige lister. Listene kan sorterast på ulike måtar, og den tredje dugleiken eg vil presentere er sortering av data. Eg vil lære elevane korleis ein kan sortere etter både tekst og tal. Den fjerde dugleiken eg vil vektlegge i mi excelundervisning er oppretting av diagram. I excel kan elevane på ein enkel måte få prøve ut ulike typar diagram, og sjå korleis framstillingane endrar seg ved bruk av ulike typar diagram.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar