Viser innlegg med etiketten sosiale medier. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sosiale medier. Vis alle innlegg

søndag 27. oktober 2013

Sosiale medier


Kva er sosiale medier?

Direktoratet for forvaltning og IKT definerer sosiale medier slik: "Sosiale medier er en arbeidsmåte og kommunikasjonsform. Nettsamfunn og nettaktiviteter basert på brukerskapt innhold, gjør det mulig å dele informasjon, videreutvikle egne og andres idéer, og innhente kunnskap på en ny måte" (Direktoratet for forvaltning og IKT, 2010). Døme på sosiale medier er facebook, twitter,YouTube og instagram. 

Korleis kan skulen bidra til auka medvit hos elevane knytt til sosiale medier?

Skulen har ei sentral oppgåve i å auke medvitet hos elevane knytt til sosiale medier. I rammeverket for dei grunnleggande ferdigheitene står det at blant anna at: "Digitale ferdigheter innebærer også å utvikle digital dømmekraft gjennom å tilegne seg kunnskap og gode strategier for også å utvikle digital dømmekraft gjennom å tilegne seg kunnskap og gode strategier for nettbruk" (Utdanningsdirektoratet, 2010, s.6). For at elevane skal tilegne seg digitale ferdigheter betyr det derfor også at elevane må utvikle digital dømmekraft. I rammeverket blir dette definert som det "å kunne bruke digitale verktøy, medier og ressurser på en forsvarlig måte, og å ha et bevisst forhold til personvern og etisk bruk av Internett". I rammeverket kjem det også tydelig fram at dette også gjeldt sosiale medier. Skulen kan difor bidra til auka medvit hos elevane knytt til sosiale medier ved å legge til rette for utvikling av digital dømmekraft. Dette handler blant anna om opplæring i personvern og etisk bruk av sosiale medier. 

Personvern

Ein måte som skulen kan bidra til auka medvit hos elevane knytt til sosiale medier er ved å informere dei om personvern, og korleis dei kan endre personverninnstillinger i sosiale medier. På denne måten kan elevane ha kontroll på kva dei med dele med kven. Dette kan gi elevane eit meir medviten tilhøve til bruken av nettsamfunn ved at ein blir oppmerksom på kven som kan få tak i ulik informasjon. Det er viktig å lære elevane kva informasjon som blir offentlig og som kan vere søkbar for alle på nettet. Det er også viktig å lære elevane at til dømes bilete kan bli liggande på nettet sjølv om dei har sletta dei. Difor er det viktig at elevane blir merksam på konsekvensane eit bilete eller ei uttaling kan få. Det fins diverre mange døme på barn og ungdom som ikkje har visst kva konsekvensar ein statusoppdatering om heime-aleine-fest eller deling av nakenbilete kan få. Desse døma kan skulen bruka for å illustrere dette. Sjå til dømes filmen frå TV2Skole her.  

Etisk bruk 

Ein annan måte som skulen kan bidra til auka medvit hos elevane knytt til sosiale medier er ved å fokusere på at gode haldningar som respekt og toleranse også skal gjelde på nett. Gjennom klassesamtalar kan elevane få auka medvit om dette. Ein kan også lage nettvettsreglar saman med elevane. Digital mobbing er noko som diverre dukkar opp i media alt for ofte, og det er viktig å forebygge denne typen mobbing på same måte som ein vil forebygge klassisk mobbing.  



Er det flest fordelar eller ulempar med sosiale medier?
Fordelar
Ulempar
Like mange fordelar som ulempar
Usikker
Poll Maker
Kjelder:

Direktoratet for forvaltning og IKT. (2010). Hva er sosiale medier?, Publisert: 17.06.2010. Nedlastningsdato: 27.10.13. Lokalisert på: http://www.difi.no/sosiale-medier/veileder-i-sosiale-medier/hva-er-sosiale-medier

Medietilsynet. (2013). Forebygge digital mobbing i skolen, Publisert: 19.08.2013. Nedlastningsdato: 27.10.13. Lokalisert på: http://www.medietilsynet.no/no/Trygg-bruk/Skole/Tips-mot-digital-mobbing/Forebygge-digital-mobbing-i-skolen/ 

Senter for IKT i utdanningen (2013). Nettsamfunn. Nedlastningsdato: 27.10.13. Lokalisert på: http://dubestemmer.no/no/1317_ar/Nettsamfunn/#content

TV2Skole. (2013). Sosiale medier og nettvett. Publisert: 22.01.2013. Nedlastningsdato: 27.10.13. Lokalisert på: http://www.youtube.com/watch?v=aESKcXODIzc. 

Utdanningsdirektoratet. (2012). Rammeverk for grunnleggende ferdigheter, Utgitt februar 2012. Lokalisert på: http://www.udir.no/Upload/larerplaner/lareplangrupper/RAMMEVERK_grf_2012.pdf?epslanguage=no