fredag 17. januar 2014

Sitat og annan gjenbruk

Ein kan publisere innhald frå nett dersom verket er merka med ein fribrukslisens. Ein skal likevel navngje opphavsmannen til det orginale verket.

Ein kan ikkje publisere innhald frå nett dersom verket ikkje er merka med ein fribrukslisens utan at ein får samtykke frå opphavsmannen.

Eit unntak er bruk av mindre delar som sitat. Eit sitat er altså ein mindre del av eit verk. Sitatretten handlar fyrst og fremst om litterære verk, film og musikk. Ein har lov å sitere verk utan tillating, og utan at opphavsmann skal betalast. Ein skal likevel namngje opphavsmann og verket det siterast frå. Kor langt sitatet kan vere for at det kan siterast fritt er avhengig av bruken.

Når det gjeldt anna gjenbruk enn sitat er hovudregelen at det krevjar samtykke frå opphavsmannen, samt at ein skal betale for bruken.

Kjelde:

DelRett (2013). Sitater og annen gjenbruk. Nedlastningsdato: 17.01.14. Lokalisert på: http://delrett.no/nb/sporsmal_og_svar/19 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar